Støymuren Elgeseter

Kjære lesar: denne artikkelen har som mål å mobilisere motstand mot riving av Elgeseter gate 4, 6 og 30b. For å få til det må ein skjøne kvifor desse bygardane er verdt å ta vare på. Grunnar til å verne er: godt nivå på handtverk, gode romlege kvalitetar, fleksible og bruksvenlege rom, mykje dagslys, god takhøgd, ei fasade som er pen å sjå på, CO2-rekneskap og ein bakgård som gjer det mogleg å ha hageliv rett ved sidan av den mest trafikkerte vegen i byen. God lesing.

Tekst: Elise Brandsvik Skeide
Foto: Anne Marte Gjørvad                         

I bakgarden. 
Tidsline utan målestokk.

“Elgeseter skal bli en urban gate der det er bedre å oppholde seg”, står det i feit skrift på Miljøpakken si side om prosjektet som skal legge betre til rette for dei nye Metrobussane. Tidsskriftet A har møtt førsteamanuensis ved NTNU, August Schmidt, for å diskutere saka.

Mykje har hendt sidan Sverre Pedersen lanserte sine idear for den store boulevarden som ei nydeleg innfartsåre til byen i 1930-åra. Planlegging for bilen vert meir og meir uaktuelt og Elgeseter som støy- og støvbarriere mellom aust- og vestbyen vert mindre og mindre populært. Likevel, i samband med utbygginga for metrobussane, Trondheim si nye kollektive storsatsing, er det nettopp vegnettet for motoriserte køyrety som vert utvida. 

Då den gamle jernbanetraseen vart gate i 1882, var gatebreidda 19 meter, og ut over byrjinga av 1900-talet vart gata ramma inn av jugendstilsgardar. Allereie så tidleg som på 30-talet kom forslaget om ein breiare boulevard som skulle ta unna trafikken til ein raskt veksande Midtby. Sidan 50-talet har det gått prestisje i å vere ordføraren som endeleg greier å realisere draumen om den livlege boulevarden, og notidas kommunestyre er ikkje noko unntak. I dag er det berre tre av dei originale jugendstilsgardane som står att på vestsida av gata som ei påminning om kor nære dei er ved å endeleg realisere ein fleire tiårs lang draum.

August Schmidt er fyrsteamanuensis og emneansvarlig for Ark2 Tektonikk ved NTNU.


Vi møter August Schmidt på Gløshaugenplatået, beveger oss ned mot støyen og gjer eit stopp i det vi kjem ned i Klæbuveien med utsikt gjennom eit kryss til Elgeseter gate. Alle bygardane som rammar inn krysset er bygde i jugendstil, inkludert det rivingstrua bygget med adresse Elgeseter gate 30b. – Det er ganske sjeldant av vi har det slik i Trondheim, og eigentleg i heile Noreg, ytrar han.

Elgeseter gate 30b er ein av dei tre jugendstilsgardane som er i fare for å verte riven til fordel for den breie boulevarden. Det er fleire år sidan bygget var i bruk. – Nokon tok ei avgjerdsle på at dei ikkje skal leige ut vidare og stenge det, noko dei kallar å “sikre” bygget, men etter mi meining er det å sikre for jamt forfall, eigentleg, ikkje å sikre for å bevare.

Elgeseter gate 30b til høgre på biletet. Sett frå Klæbuveien.

Vi går over gata og bort til det som ein gong var hovudinngongen. Trappa har vorte fjerna og nokon har skrive protestrop på sidene av inngongspartiet.  – For meg verkar dette rart. Viss du vil starte krig med eit folkeslag byrjar du å kalle dei kakerlakkar og rotter, og her gjer du akkurat det same ved å fjerne trappa og spikre att [hovudinngongen]. Duene flyttar inn, det ser shabby ut og så sei folk ‘det ser shabby ut, det kan du rive’. Han har måtta heve stemma i det fleire bilar susar forbi i alt for høg fart. – Det finst andre som gjer slike ting med vilje. Dei vil rive, så då sikrar dei bygga og let dei forfalle slik at det er mykje lettare å få aksept for å rive det.

I bakgarden.

Vi går frå Elgeseter gate, inn langs sideveggen på nr. 30b, trakkar over nokre kablar som ligg i vegen og kjem inn i bakgarden. Støyen frå den travle hovudfartsåra vert kraftig dempa av den gamle jugendstilsgarden. Fasada mot baksida er enno meir nedslitt enn fasada mot vegen; opningar på bakkeplan er spikra att med store plater, medan nokre av vindauga oppover i bygget er knuste. Den ein gong så ærverdige fasada bleiknar i samanlikning med dei vedlikeheldte nabogardane. Det er tydeleg at det er fleire år sidan dette bygget har fått nokon form for omsorg. 

-[Før det var sikra var] det utleigd. Vi hadde ei samling der inne med arkitektstudentar i eit utruleg fint lokale, i tillegg til nokre happeningar med kunstutstilling. Det er supre rom og fine å nytte.”, seier fyrsteamanuensisen om det allsidige bygget. Jugendstilsgarden vart bygd i ei tid då arbeidskraft var billeg, noko som førte til at ein kunne nytte mykje meir tid på eit prosjekt. Dette står som ein stor kontrast til notidas byggebransje som nesten konkurrerer om å setje opp bygg raskast mogleg. – Det var fullt brukandes eigentleg. Det skulle ikkje mykje til å vedlikehalde den standarden der, då. I standen vart det veld den vegen her.

“Å sikre for jamnt forfall”

Byromsskade.

Dersom Elgeseter gate 30b vert riven, vil kvartalet få ein tom gavl mot gata, noko Schmidt beskriv som “ei byromsskade”. – Her snakkar vi om å rive for å lage meir plass, meir byliv, men ein ville ikkje ha stått her viss bygget var borte. Då har du støyen og skiten likevel. Det samme gjeld for [Elgeseter gate] 4 og 6, men [bakgarden der] er enno betre for han er open mot sør. Du vil få sol inn, beskyttelse frå vegen og ein kunne hatt cafear og greier. Ein kunne ha laga eit flott miljø for studentane rett overfor samfundet. Dersom du tar huset bort har du berre eit ope areal mot krysset.

Campusutvikling

Vi kjem ut i den tungt trafikkerte hovudgata att og kikar nordover mot Elgeseter bru. Ein ser tydeleg dei to byggelinene og det store uutnytta arealet som ligg framfor dei nyare bygga på vestsida av gata. Her ser Schmidt føre seg at ein kunne ein ha flytta vegglivet heilt ut i gata. – Kanskje ikkje i dei fyrste to [etasjene], slik at ein har ei breiare gate nede, men du har volum oppe og du kan gå under, så du får litt beskyttelse. 

– Du har Øya og du har Gløshaugen og det trengst fleire areal sidan vi skal realisere campusprosjektet, og Gløshaugen / Grensen vert for trangt. Det ville ha vore betre viss ein hadde sagt ‘OK, hovudvolumet er der [Gløshaugen], men ein kunne ha hatt ekstra areal i Elgeseter gate og andre stader i midtbyen. Ved å knytte desse tinga saman ville ein skapt masse liv her, det hadde vore fleire menneske og etter kvart mindre bilar og så ville det ha vore ein del av sentrum, forklarer Schmidt. Han presiserer at eit hovudpoeng for å kunne behalde 19 meter mellom byggelinene er at Elgeseter bru ikkje er foreslått endra. Noko som vil seie at vegen smalnar inn ved den uansett.

Storhetstid?

Arkitektonisk kvalitet

– Sjå bortover den nye byggelina. Det er ingen av dei husa som har nokon arkitektonisk kvalitet. I mine auge. Det Bunnprisbygget, det er det styggaste i heile byen. Det er ingenting som får deg til å seie ‘ah, flott hus’. Og viss du ser på andre sida har du eigentleg ei rekke med berre fine hus, då, og så har du tre fine hus på denne sida. Dei skal dei rive. Han humrar godt av denne motseiinga. Gamle, ærverdige bygg som fortel noko om historia og bidreg til å skape by vert ønskt fjerna til fordel for ideen om den storslagne boulevarden. 

Vi snur og og ruslar sørover, og står snart utanfor inngongen til Bøker og Bylab, eit testprosjekt, driven av Trondheim kommune i samarbeid med Studentsamskipnaden og NTNU, som tek imot og gir ut kasserte biblioteksbøker, med eit lokale midt i Elgeseter gate som fungerer både som treffstad og lesesal. Lokalet ligg i eit av dei nyare bygga som følger boulevarden si byggeline. Mellom inngongen og den travle bilvegen er om lag 10 meter med ingenting.

10 meter med ingenting.

Er det eigentleg lov å rive hus?

Å vere miljøbevisst har, i laupet av dei siste åra, vorte ein stor del av trendbiletet. Område som Svartlamoen har på få år gått frå å vere ei sær greie til å vere noko Trondheim er stolte av. Dette gjer at det vert naturleg å spørje: er det eigentleg lov å rive hus?  – Gamle verneverdige hus skal man sjølvsagt ikkje rive i det heile tatt, svarer han kontant, men nyare bygg frå 70-talet som eigentleg er i god stand, er det forsvarlig å rive det? Det har gjerne ein betongkonstruksjon, og har lagra mykje energi og CO2, og viss du riv det bort og bygg det opp på nytt, ser rekneskapet ikkje bra ut. Slik er det berre.

– Også desse tre husa vi snakkar om. Dei har hundre tusen gode grunnar til å ikkje rivast, også med tanke på eit CO2 rekneskap. No har eg ikkje rekna på det, men eg vil gå ut ifrå at det er godt over 1000kvm buareal i dei tilsaman, og det kostar jo å bygge det. Men desse står der, og ein treng mykje mindre CO2 for å få dei opp å stå igjen, enn å bygge nytt. Ein får fleire hundre kvadratmeter gratis på ein måte. Trondheim held jo fram å vekse, frå 120 000 innbyggjarar tidleg på 2000-talet til over 200 000 i dag. Ein treng dei kvadratmetera. Og dersom ein riv må ein bygge nytt.

På austsida av gata er heile rekka med jugendstilsgardard bevart.

Sirkulærbygg

Vi kjem stadig tilbake til diskusjonen om berekraft, noko som handlar om meir enn CO2-rekneskap. Schmidt fortel at veggane i dei aktuelle bygga er av massiv tegl med kalkpuss på begge sider, noko som vil seie at bygget ‘pustar’. – Hus med diffusjonsopen konstruksjon er gode hus å leve i. Det er høgt under taket, dei har store vindauge for å få meir dagslys inn og også ofte ganske fleksible planløysingar. Ofte med dører i midten slik du kan gå frå rom til rom, og bruke dei om kvarandre. Denne fleksibiliteten gjer at slike bygg kan nyttast til nesten kva som helst utan store endringar; bolig, teiknesal, kontor, administrasjon eller kva det måtte vere bruk for.

Byporten.

Det finst altså utruleg mange gode grunnar til å bevare Elgeseter gate 4, 6 og 30b, og nokre frå økonomisk drivne (og dårlege)  grunnar til å rive dei. Eitt av hovudmåla for utviklinga av Elgeseter gate er å skape ein meir levande bydel, men i dag er det ingenting som gjer det til ein stad du har lyst til å opphalde deg. August Schmidt kikar ut mot gata og fortel at han har høyrd fleire vere samde om at når dei passerer Elgeseter gate 30b, kjennest det som om dei er inne i byen. – Eg er litt redd for at folk flest køyrer forbi og tenker ‘nei, det huset ser dårlig ut, det er kanskje best at vi riv det slik at vi får den fine boulevarden’, istaden for å tenke ‘det var ein fin gammal bygard, det kan vi ikkje rive, den har jo kvalitet’.”

Ved inngongspartiet er trappa fjerna og inngongen spikra att.

Ny sakshandsaming

I mars i år kjem saka om riving av Elgeseter gate 4, 6 og 30b opp att til politisk handsaming. Som nemnd tidlegare engasjerte August Schmidt seg tidleg i verninga av desse bygga. – Grunnane for å bevare og nytte desse bygga har berre vorte fleire og sterkere. Eg vil vise studentar og andre at dei er verdt å ta vare på.

Lenge leve jugend-dronninga!

Kjelder:

Miljøpakken. (2018) Alternativsvurdering Elgeseter gate, sammenstillingsrapport. (18/17301). Tilgjengeleg frå: https://miljopakken.no/wp-content/uploads/2013/01/Alternativsvurdering-sammenstilling.pdf (Henta: 29. februar 2020)

Miljøpakken. (u.å.) Elgeseter gate. Tilgjengeleg frå: https://miljopakken.no/prosjekter/elgeseter-gate (Henta: 29. februar 2020)

Åm, T. (2014) Helhetlig plan for Elgeseter, universitetsavisa.no. Tilgjengeleg frå: https://www.universitetsavisa.no/leserbrev/2014/10/02/Helhetlig-plan-for-Elgeseter-18369110.ece (Henta: 29. februar 2020)

Miljøpakken. (2011) Detaljregulering av Elgeseter gate, planprogram. Tilgjengeleg frå: https://miljopakken.no/wp-content/uploads/2013/02/planprogram-for-Elgeseter-gate.pdf (Henta: 29. februar 2020)

Monsen, T. H. (2013) Jugend-bygg må vike for bulevard?, universitetsavisa.no. Tilgjengeleg frå: https://www.universitetsavisa.no/campus/2013/05/08/Jugend-bygg-m%C3%A5-vike-for-bulevard-18369518.ece (Henta: 29. februar 2020)