100% ekte horoskop 

Tekst: Elise Brandsvik Skeide
Illustrasjon: Fatin Radi

Alle veit at horoskop er 100% nøyaktige, og er i stor grad med på å avgjere framtida di. Her kan du lese eit horoskop som gjeld heile livet ditt, og innrette deg deretter.

Væren    21.03 – 19.04

Som det stjerneteiknet med mest sjølvdisiplin, har du lett for å verte hissig når ikkje andre har same disiplinen. Du involverer deg 100000000% i alt du gjer og har diverre ein tendens til å ta det personleg dersom noko ikkje går heilt etter planen. I kvardagen finn du ofte på små konkurransar berre for å kjenne den deilige gleda av å vinne, og har like god sjølvtillitt som -disiplin. Væren kan ofte oppfattast som kort og uhøflig, men vil alltid det beste for alle.

Tyren    20.04 – 20.05

Som det svaltnaste stjerneteiknet, er draumen å få spandert på seg dyre middagar kvar dag, men du vert stort sett setande i sofaen din i joggebukse med nachos og elskar det. På tankefronten er det stort sett ikkje mykje som går føre seg med deg, og du kan vere veldig sta når ein tanke fyrst har slått rot med deg. Du er ikkje kjend for å vere rask, men treigleiken er eit personlegdomstrekk du er stolt av. Tyren kan gjerne pynte seg, men trivst best i lune omgjevnader med noko digg mat.

Tvillingane    21.05 – 21.06

Som det mest humørsjuke stjerneteiknet eig du ikkje evne til å vere konsekvent, verken med ting du seier eller gjer. På grunn av dette har du alltid eit ørlite snev av angst som surrar under overflata og fargar alt du gjer. Likevel elskar du å flørte og tek gjerne kontakt med tilsette i butikkar berre for merksemda si skuld. Av og til kan du vere uheldig og ha flørta med eksen til ein nær ven, men du har alltid dei beste unnskuldingane etterpå. Målet ditt i livet er å vere elska og artsy og du legg inn den innsatsen som krevst.

Krepsen    22.06 – 23.07

Som vassteikn, er det kjenslene som får gjennomgå med deg. Du har mange og sterke kjensler, som du gjerne let flyte fritt. Om dagane drøymer du deg lett bort i kva det skal vere. Kjenslene dine tek lett overhand, så ein kan ofte observere deg prøve å kontrollere stemma for ikkje å byrje og grine. Du er i ditt ess når du får vere heime åleine og sjå opp att gamle favorittfilmar. Krepsen kan late som om han er tøff, men er eigentleg ein tøffel.

Løva    24.07 – 23.08

Som det stjerneteiknet som har mest sjølvtillitt, ser du ikkje nokon grunn til å ha sjølvkontroll. Du er utruleg bevisst på kva dei gode tinga i livet er, og ser ingen grunn til å ikkje nyte det. Du er oppteken av å ha ting som ikkje alle andre har, og dersom nokon har det same som deg, kan ein vedde på at du har ein betre versjon. Gull-, sølv- og bronsemedalja i Instagram går til deg, og du passar alltid på å la noko av *the fame* drysse over på venene dine ved å legge ut bilete av dei (der du ser best ut så klart). Er det nokon som set mest pris på eigen humor, er det deg. Løva kan gjerne la andre få rampelyset, men trivst best når det lyser på seg sjølv.

Jomfrua    24.08 – 23.09

Som det flittigaste stjerneteiknet veit du kor bra resultat ein kan få, og ser ikkje meininga med å gjere ting noko mindre enn perfekt. Dette resulterer i lite realistiske forventningar, og dersom du får i oppgåve (gir deg sjølv oppgåva) i å forklare noko, kan ein vere sikker på at du går gjennom alt ned til den minste detalj. Detaljfokuset ditt gjer at du set strenge krav til deg sjølv, og ein kan vere sikker på at du har kritisert det som kritiserast kan ca. 8000 gonger allereie og tenker på det kvar kveld når du eigentleg skal sove. Det er grunna dette du er avhengig av sovemedisin. Heldigvis har du perfekte augebryn. Jomfrua kan verke som ein person som har orden på alt, og har faktisk det.

Vekta    24.09 – 23.10

Som det mest manipulerande stjerneteiknet har du lett for å tilpasse deg dei du omgås, men dette resulterer i at du ikkje eig personlegdom. Konfliktsky som du er, snor du deg unna alt som kan føre til konflikt, og tilgjev det meste utan evne til å vere langsint. I eit forhold har du lett for å verte avhengig av den andre personen, men elskar likevel merksemd frå andre. Du er alltid tre minutt for sein, men ein kan vere sikker på at du har tenkt gjennom kvar einaste vesle detalj i antrekket ditt. Vekta er sosial og lett å omgås, men anar ikkje kven dei sjølve er.

Skorpionen    24.10 – 22.11

Som det ondaste stjerneteiknet stolar du så mykje på deg sjølv at du misser trua på andre. Dersom nokon avbryt deg når du arbeider, er ikkje du redd for å seie klart ifrå. Har du satt deg eit mål, er ikkje dette noko du tek lett på og er klar for å gjere det meste for å nå det. Du er derimot veldig interessert i alle detaljar om kjærleikslivet til vener og greier å lure ut kvar minste detalj. Eit venskap med deg (for dei få utvalde) er aldri overfladisk. Du har diverre ein tendens til å sjekke alt som finst på internett av informasjon om alle du møter. Skorpionen har eit hardt og seriøst ytre, men får ein sjansen til å kome innpå, er dei ikkje så verst.

Skytten    23.11 – 21.12  

Som det mest høglytte stjerneteiknet, er det vanskeleg å gå glipp av nærveret ditt i eit kvart rom du kjem inn i. Du har ein entusiasme utan like, og av og til kan han vere vanskeleg å temje. Du er derimot ikkje redd for å seie kva du meiner, ofte både til lette og frustrasjon for andre. Du er akkurat passe arrogant, ser på deg sjølv som eit geni og går ut ifrå at alle andre også gjer det. Heldigvis er du eit råskinn i Tetris. Skytten har kanskje ikkje innestemme, men veit korleis få liv i sjølv dei trøyttaste forsamlingar.

Steinbukken    22.12 – 20.01

Som det kaldaste stjerneteiknet, kan det, på utsida, verke som om det ikkje er plass til lykke i livet ditt. Du heng deg lett opp i ting som ikkje går nøyaktig etter planen, og anten det er din feil eller ikkje, behandlar du det som om det er det. Du er ein meister på å halde kjensler under kontroll, og det kan vere vanskeleg å lese deg. Når ein fyrst har kome gjennom ditt kalde ytre, derimot, finn ein solid venskap. Likevel er du ikkje redd for å avlyse planar for å heller vere åleine. Steinbukken har eit seriøst ytre, men utruleg lett å verte gla i.

Vassmannen    21.01 – 19.02

Som det kulaste stjerneteiknet er det berre å forvente at du ikkje er i kontakt med kjenslene dine. Du unngår ofte situasjonar der du er avhengig av andre, og ein må gjennom ein lang prosess for å kome nær deg. Du er utruleg sta, og det kan dukke opp fort og uventa. Dette er grunnen til at du stort sett snakkar med deg sjølv – du har jo alltid dei beste svara. Du veit å setje pris på kvar einaste dag, og er god på smale fakta om kjendisar. Vassmannen kan lett verke utilgjengeleg, men er ein fyrst komen på godsida, er dette nokon du kan stole på.

Fiskane    20.02 – 20.03  

Som det minst verkelegheitsnære stjerneteiknet, vel du raskt å sjå vekk frå den indre stemma som heiter sunn fornuft. Du unngår elegant alle nødvendige gjeremål til siste sekund, og arbeider best dersom du får daglege komplement (men gjerne oftare). Du beskriv deg sjølv som empatisk, og vert fort kjenslemessig involvert i alt du gjer. Fiskane er alt for komfortable med å ikkje ha fotfeste i verkelegheita, men greier stort sett å vere tilstades der det krevst.