Eg fann eg fann.no

Tekst: Ane Sofie Kjelland
Illustrasjon: Vegard Forbergskog

Annonsar frå den ikkje så kjende veslebror til Finn.no: Fann.no, men med eit noko anna fokus.

 

Fann.no > bustad > sjølveie > fritidsbustad > Jotunheimen

Koseleg lafta fritidsbustad på grensa til Jotunheim nasjonalpark. Med 5 km til næraste nabo treng ein ikkje vere redd for å bli sett. Gras på taket gjev moglegheit for behageleg samleie i høgda. Hytta kjem med eigen badestamp kor ein kan boltre seg sumar som vinter. Med tre soverom og felles stove er det ingen problem å ta med seg andre par. Ein kan óg invitere forbigåande friluftmenneske inn på eit leiande glas vin eller fem. Ink. utedo for dei som kjenner seg litt “frisky”.  

9 000 Galleon 2378 Sickle 2 knut


Likte du dette? Folk søkte også: kongla, badestamp, 4some   

 

Fann.no > ting > møbler > skap > lite

Godt brukt skap, to dører, ingen skuffer. Flott, enkelt og lite skap. Fantastisk for ei unik og innestengd oppleving. Kan låsast frå både innside og utside, så du treng ikkje bekymre deg for å falle ut midtveis. Utmerka for fleksibel “leik” og fleire spanande posisjonar frå Kama Sutra. Passar best for to personar eller så kan du gå singel om litt “aleine tid” er det du ynskjer deg.     

Gratis mot henting.


Likte du dette? Folk søkte også: Dungeon, closeted, walk in closet, brooming

 

 

 

 

 

 

Tidsskriftet A