Sjarmen i skissering

 

Ei forteljing om pusing og papir

 

Tekst: Mari Mostrøm Nilssen

Illustrasjon: Sara Solana

 

Blyanten svevar over papiret. Lett som ei fjør, verkar det. Blyet pusar med underlaget. Det er litt gult, men det gjer ingenting. Papiret er berre ei tom mark, før sauane entrar. Alle veit kven som er stjerna her. Det er du, handa og blyanten.

Blyantstreken er så fin. Den renn utover det grove papiret. Vakre skuggar kjem til syne. Bakhanda di øydelegg litt, men streken ordnar opp. Streken ordnar alltid opp. Den kan ordne ei kva som helst smørje av bly, blekk eller naseblod.  

Vips skiftar du, ein pennestrek dukkar opp. Så tynn og skjør som den kan bli. 0.05 er det. Like vakker og sår som ei tåre frå mor di. Litt for skjør kanskje. Irriterande skjør. Den fungerar jo knapt! I sinne bytar du på ny reiskap. Ein tjukk og elskbar strek vandrar over enga. Ein svart sau blant dei kvite.

Faderullan. Ein skeiv strek. Der var venleiken øydelagt. Korleis kunne du gjere dette mot skissa di? Den tar alt. Den eine streken slukar skissa, et den levande, sug ut sjela. Eit overveldane svart hol.

Eller gjorde den det? Nei, du lurte deg sjølv. Det kunne fikstast, med alle dine ferdigheiter på saken. Ein ny strek her, ein ny strek der. Alt glir saman igjen, saumlause overgangar frå tjukk til tynn strek. Penn, tusj, blyant. Du zoomar inn, du zoomar ut. På detaljane, fokuset, heilskapen. Du nailar det. Streken din nailar det.

Ei kjapp skisse er snart ferdig. Tankane dine har kome til liv på eit papir. Evigvarande i verkelegheita. Alle ser på den i beundring. «Kva skal den krusedullen forestille?» «Den linja var det sjel i!» «Kunne ønske eg kunne teikne slik..»

Men med eitt går det opp for deg, akkurat i siste sekund. Du rekk ikkje å springe. Du rekk ikkje å hjelpe. Alt den trengte var litt hjelp! Din hjelp! Ei livsforlengande kraft. Den arme skissa di, alle strekane. Nei, der, akkurat der, gjekk ipaden tom for batteri.

 

 

Tidsskriftet A